fredag 14. desember 2007

Lefser i lange baner!

I fjor tok eg endelig til vit og innsåg at det var på tide å lære seg å bake lefser. Har i alle år nytt godt av ei mor som har laga litt ekstra, noko som alltid har vore ei kjærkoma gåve.

Vi brukar fiskelefser til middagen 1. juledag, og slik tradisjonsmat kan ein ikkje være foruten. I fjor var det første gongen eg laga slike, så i år følte eg meg litt vidarekomen. Litt svingar på kantane vart det i starten no òg, men det kom seg etter kvart. (så dumt at eg ikkje tok bilde av perfekte også!!!)

Her er emna klare til baking.

Ikkje heilt trillrunde, men kva gjer no det??

Det vart litt over 20 fiskelefser! Mange gode måltid i sikte :)

Etterpå laga eg vanlige lefser, 23 stk av dei!


Her er dei dynka, klare til smørjing.


Dette er ekte smørjing! (Ikkje slikt som dei herjar om i media for tida. )


Nesten ferdig,..... men i allverden, kva ser eg her??? Lappeteknikken er over alt, dette er Japansk bretteteknikk!!!
Slik ser ein av teknikkane ut, men sydd i stoff.....


4 kommentarer:

Sølvis blog sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Sølvis blog sa...

Godt jobba med lefsene, men at de ble bretta slik har jeg ikke visst - min mor skjærer bort rufsekantene, som blir til smakeprøver. Får se hvis jeg tar opp tradisjonen om jeg skal forsøke den brettinga di.

Anonym sa...

Mmm det så godt ut, er jo slik men lefsebaking at når du nesten er ferdig sitter teknikken inne, burde egentlig bake oftere tror jeg, men blir med tanken

Anonym sa...

Sitter forresten å betaler regninger med musikken fra lista di, mange fine sanger!