laurdag 15. desember 2007

Førjulstreff

I vår familie på mor mi si side har vi hatt ein førjulstradisjon så lenge eg kan huske. Ei av dei siste helgane før jul har familiane våre samlast hos ei av mine tanter. Vi tek med oss mat av ulikt slag, og når vi får det samla på eitt bord, ja så blir det reine festbordet med god mat ; kaker, gjærbakst, smørbrød og av og til litt "saltmat".
Tidlegare var det julegåver i fleng vi utveksla, men siste åra har det blitt viktigare å treffast, så no held det med julekort og mange helsingar og juleklemmar!


Tanta som held ope hus for oss, bur i Volda kommune på Sunnmøre, så turen dit i dag var ei nydelig naturoppleving, berre nyt bilda!!









3 kommentarer:

Klarafina sa...

Flotte bilder av stille natur!

MITT FARGERIKE sa...

Fin blogg du har, har vært her på besøk nokre gonger før. Du har vært lagra under bokmerker til no, så da får eg vel ta skrittet ut og spør om det er greit om eg linkar deg.
Ha ei fin helg på Sunnmøre frå ein Romsdaling.

♥bagatellar♥ sa...

Fint når her er fint vær ja, nesten så en må klype seg i armen sida her ikkje har regna på ei stund... herlig:D