laurdag 22. desember 2007

Laurdagsjobbing

Det nærmar seg fort den store dagen,-julafta- og heldigvis er julegåvene no snart i boks, eller rettare sagt papir og pose. Nokre er ferdig pakka inn, nokre er ferdige i dag og nokre held på å bli ferdige.......No er kattebrikka ferdig og klar til å pakkast inn.
Litt stichery kom plutselig til på julegåvelista mi, så desse to søte små mus har eg sydd i dag. Monteringa får vente til i morgon. Mønsteret står i siste nr. av Norsk Quilteblad og er designa av Hanne Schneider. Lappetausa har laga ei fin utgåve av denne, det var i hennar blogg eg såg motivet først.
Jammen kjekt at julafta er på ein mandag i år, blir liksom litt ekstra tid i forkant no når vi har helga til å bli ferdige på.

I dag har eg også laga merkelappar med Tilda-stempelet mitt. Vart ganske så fornøgd med dei, fort å lage til og motivet passa godt på ein merkelapp.






4 kommentarer:

Anonym sa...

Du er lik deg du Juliann, Kreativ når vi andre prøvar å avslutte.Fin brikke, mus og pakkar med stempel merkelappar.Ha ein koselig lillejulafta.

FO - 2 sa...

Innom for å ønske deg ei god jul. :)

Kreoline sa...

Nydelig stichery, ja alt var nydelig. Håper du er ferdig nå med montering og sying. Ønsker deg og dine en riktig god jul, kos deg. Klem.

Anonym sa...

Jula er gøy, med lek og støy. Hvis du har vært snill og grei, får du kanskje det du ønsker deg. God Jul :)
Ronille