onsdag 26. desember 2007

Julefilmen!

I dag fekk eg likevel sjå julefilmen med stor J.


Kvar julaft brukar Nrk å sende denne tradisjonsrike og romantiske filmen, "Tre nøtter til Askepott", og eg brukar som regel å få med meg denne. Men denne julafta fekk eg ikkje sjå den, eg var på snarvisitt hos mine foreldre og gløymde både filmen og klokka. Må seie eg vart litt lei meg då eg oppdaga at eg hadde gått glipp av den.


Men som den trufaste surfar eg er, enten er det på nettet eller så er det i parabolverdenen, så sat eg i dag og for over ein del tyske kanalar på Astra. Og så plutselig dumpa eg bort i filmen på MDR, og då måtte eg berre setje meg ned og sjå. Fekk med meg ca 2/3 av filmen, med den nydelige musikken og den romantiske avslutninga der dei rir av gårde på sine 2 kvite hestar og nesten inn i "himmelen". Sååå romantisk!


Eg måtte sjølvsagt assosiere litt med mine to hestar også då, sjølv om dei er svarte......, trur eg må starte med å sy meg ein slik kjole først.... ha, ha! Musikken kunne eg ha på MP3-en min med pluggar i øyrene, då ville eg heilt sikkert komme i den rette stemninga,... berre hesten ville fly av gårde like mjukt som Askepott sin då.....



Hm, trur eg held meg til filmen inntil vidare!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er ein koselig film.Du kan låne Django, han er kvit!!Kan ri han ut til deg,du vil vel helst ha han på gården, ikkje i sentrum.

Elin sa...

Eg fekk heller ikkje sett filmen, men høyrde musikken og tala frå loftsstova. Det var nok for meg... Elles så ser eg på Lille huset på prærien, kjøpte dvd til meg og døtrene til jul, førebels berre mor som ser...kjempekoseleg, alltid happy end. Og her i gløppa regnar vi snart vekk!