laurdag 17. november 2007

Laurdagskveld-mat

Har nettopp teke ein focaccia ut av ovnen, og slik ser den ut når den ligg der duftande og lekker, og varmen stig opp over kjøkkenbenken!!! Dette er ein "slumpe-focaccia", får av og til lyst til å eksperimentere litt. Då er det litt vanskelig med oppskrift, men sånn cirka er den:

ca 1 dl kefir (så lite fordi eg rista tomme nokre kefirpakkar med vatn!!!)
ca 7 dl vatn
25 g gjær
1 dl sammalt kveite grov
1 ts oregano
1 ts salt
5 ss olje (raps/oliven)
kveitemjøl til passe LAUS deig ( den skal vere så laus og klissete at du kan slå den ut over langpanna)

Hev minst 1/2 t
Slå så ut over langpanne
Slå over olivenolje og jobb oljen ned i deigen med fingertuppane
Dryss på rosmarin og Maldonsalt

Hev 45 min og steik ca 1/2 t v/225 gr.


Er det andre som har gode variantar av focaccia, så tek eg gjerne imot tips!!

3 kommentarer:

Barbara sa...

Beautiful blog ! Will visit again! Greetings from Germany Barbara

Anna Lisa sa...

Takk for bryllupshilsen i bloggen min. Så koselig. Fin blogg du har:) Eg ønsker meg begge bøkene du har her nedenfor. Har snart bursdag så de står på ønskelista;) Ha en fin lørdagskveld.Klem

CresceNet sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.