onsdag 10. oktober 2007

Vestlandstreff i Quilting i Bergen



Sist helg hadde eg langweekend i Bergen, herlege dagar! Eg driv ein del med quilting, og denne helga hadde eg meldt meg på kurs i quilting på Vestlandstreffet som Bergen Quiltelag arrangerte.

Eg budde heilt perfekt på hotell midt i byen, med kurs i same hotellet, god mat, gode venner rundt meg og god anledning til shopping på byn og i quiltebutikkar på treffet. Gjekk nok med litt pengar,........ men dei for vèl får eg seie. Ikkje kvar dag mor får seg så mykje luksus på ein gong!


Eg gjekk på eit kurs som heiter "Friform maskin applikasjon" med norsk-amerikanske Tone Haugen Cogburn frå Tennessee i USA. Det var eit kjempekjekt kurs, slik som eg likar, litt pirk, litt fargar og fri utfolding, her skulle ikkje alt vere beint og i vinkel!!

Tone Haugen Cogburn



Mønsteret har Tone laga, vi sydde same motivet alle, men det var mest for å lære teknikkar ho valde at alle skulle lage likt. Då trong vi ikkje å bruke tid på å komponere egne mønster, for det kan vi gjere seinare!
Motivet er etter inspirasjon frå Kongen og Dronninga i kortstokken! Bilda mine er ikkje ferdige enno, men slik ser dei ut undervegs, skal vise dei når dei er fiks ferdige, .....kan ta litt tid!!

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette såg og høyrdest kjempeartig ut! Artig motiv!

Emmeline sa...

Du verden, veldig avansert for oss som har problemer med rette sømmer ( hehe) Men jammen er jeg imponert. Gleder meg til å se bildene ferdige;=) De blir jo fantastiske!

Anni sa...

Det ser ud til at have været et spændende kursus, du har været på, flotte billeder du har gang i, glæder mig til ar se dem færdige.

Tonje sa...

hei=)
Så koslig blogg du har her=)
Ser at du har linket til meg..(Interiørhuset),det er bare sååå koslig...men jeg har nå startet en ny blogg landlig idyll=)

Håper du får en fin helg=)