tysdag 31. juli 2007

Ikea-katalog 2008



No er verdens største trykksak, Årets IKEA-katalog,omtala som MØBELBIBELEN, i ferd med å bli delt ut verden over. Svenskane fekk den nyleg, snart får vel vi òg den her i landet?Såg på ei side at det skal delast ut heile 191 millionar eks. !! Kor mange trailerlass blir det tru??

Du kan bla i den ved å trykke her, du får fram den svenske versjonen, men det er vel dei same varene som står i den reknar eg med.

Ny heading

I dag fekk eg til å fylle heile ruta med foto i bloggtittelen, er nesten fornøgd med den. Brukte programmet Photoshop elements 5.0 og valde under knappen "Skapa" (har svensk versjon) Fotolayout, valde der ein versjon med 2 liggande bilder. Der limte eg inn 2 bilder, flytta dei sammen og valde beskjær bildet til eg fekk det til eit passande rektangel. Tok ned størrelsen til ca 600 piksler i bredda, då gjekk det greit å laste opp. Har ein for høg oppløysing på bilda, så stoppar iallfall opplastinga her hos meg.

måndag 30. juli 2007

Goboka mi!

Syns eg måtte ha inn i bloggen mitt eige bilde av nyeboka mi som eg fekk til bursdagen min i går, og min mann tykte han hadde kjøpt en veldig fin presang, ha,ha!



Og så driv eg og øver meg litt på programmet Photoshop Elements, så slik vart dette forsøket, så vidt boka viser, men den osar himmelsk!

No har eg fått SIDESPOR!

Akkurat slik som NSB, må ha fleire spor å køyre på, så no har eg oppretta ein blogg til!! Slik er det med samlere, kjekt å ha! Men fann ut at no er eg i ryddemodus, så då vart det ein egen Pelargonia-blogg. Bilder må de dessverre vente litt meir på (som vanleg!).

Den heiter PELLA etter bestemora mi som heitte Pernille, men vart kalla Pella. Ho hadde ingen pelargoniar, men elska blomster, spesielt roser. Men eg er no begynt å like litt roser òg, så denne nye bloggen er via til minne om henne.

søndag 29. juli 2007

Oppussing på bloggen!

Måtte berre begynne ryddinga på pc-en òg, var blitt litt lei av sida mi. Så eg fekk litt tips fra ei svensk bloggvenninne, Signes vind , (mange takk til deg, håper det er ok at eg valde samme bakgrunn som du, den var fin!)og plutselig oppdaga eg nye muligheter i Blogspot. Fekk inn bilde på headingen òg, men fekk ikkje til å fylle heile ruta, hadde vel ikkje beskjært bildet smalt nok, men måtte berre ha med dei fine blomstrane av Dronning Ingrid. Har no fått blomst på mine såvidt, men bildet er lånt frå sida til Pelargonia.no. Og Haldis ventar på bilda mine ja, kjem vel snart dei òg kanskje...... det vart litt mange bilder frå ferien trur eg, ein plass mellom 500 og 1000, så eg trur eg må legge dei rett på den eksterne harddisken så ikkje maskina kollapsar.

Har forresten bursdag i dag, så min mann (les Juliann) har vore så vennlig å kjøpe Franske Stemninger til meg, skal kose meg med den i kveld, - det lovar ikkje godt med bilda til bloggen med det første.......

torsdag 26. juli 2007

Tilbake ved pc-en!!

Har vore på ferie i 2 veker no, og har sakna bloggen min ein del, så i dag var det spennande å kikke innom dei faste bloggvennene igjen. Eg skulle ha lagt ut bilder om litt av kvart no, men akkurat no veit eg ikkje kvar fotoapparatet mitt ligg, i bilen eller i ei eller anna veske, dukkar nok opp når eg får rydda litt. Men har iallfall fått på ei vaskemaskin med kle!! Har sett og opplevd mykje, så her kjem vel litt av kvart,- alt frå raske bilar til havsutsikter, hus og blomster!! Må berre fortelje: Har vore på Pelargon-museet på Orust, kom heim med eit BRETT med blomster!! Skal lage innlegg når eg får ånden, akkurat no så flyt huset med posar, vesker..... rydding er vel det kjedelege som må til no.....