torsdag 24. mai 2007

Primula Design

Ein skikkeleg "snopebutikk" !!

No har eg endeleg fått klare alle bilda frå butikken med stor B!! Eg er ofte inn på interiørbloggar og nettbutikkar som sel mykje flott til oss som er litt hekta på slikt, men å komme inn på den vesle butikken til Ingun , det er ei oppleving som alle bør unne seg. Butikken heiter Primula Design og ligg midt i handlegata på Nordfjordeid og er driven av den kreative dama Ingun Vaksdal.

Ho har alltid likt å skape ting rundt seg, det viser òg att i butikken hennar. Her bugnar det av store mengder med stoff til oss quiltarar, mykje modellar til å bli inspirerte av, og ho gjev råd for det meste. I tillegg driv ho interiørbutikk, og ho set i hop så flotte stilleben, fargar og miljø at det er litt farleg for oss kjøparar å stige inn i den vesle butikken hennar. Og VESLE er det riktige ordet, butikken er knøttliten, men inneheld tusenvis av varer. Her må ein berre gje seg tid for å få auge på alt. Ta ein titt på bilda eg har lagt ut, men legg gjerne turen innom henne, det vil du ikkje angre på! (eller kanskje likevel når du sjekkar kontoen din??). Og kan du ikkje komme innom, så sender ho gjerne varer til deg, ho har dessverre ikkje nettbutikk.






































9 kommentarer:

Elin sa...

Her er masse fine bilete frå butikken i Eidsgata! No har eg ikkje vore innom på fleire veker, så eg kjenner abstinensen pirre ørlite... Ja, Ingun er berre toppers, altså!

Mallemor sa...

Handelen aukar vel med 110% no.
Der var litt der som eg ikkje kan sei at eg har sett, og eg er no innom ganske ofte berre for å sjå.

FO - 2 sa...

Her kunne jeg kost meg leeeeeeeeeenge ja.... (:

Anonym sa...

Hej Juliann och tack för besöket hos mig! Jag vet om änglarna finns att köpa i Sverige eller Norge, jag har bara hittat dom på nätet ännu. Jag älskar hängarna du visar, tänk att man aldrig kan få nog med hängare, knoppar eller småhyllor!

Anonym sa...

Jepp har vore innom et par ganger, skikkelig lekker butikk med masse snadder. Ha ei fortsatt fin Pinse.

Anonym sa...

Heisann,var akkurat innom bloggen din i stad...så først nå at du hadde lagt inn en kommentar til meg tidligere på etuiet jeg hadde sydd...Så nå er jeg her igjen (",) Har egen broderimaskin, Janome.Er så glad i monogrammer og delikate broderier at jeg måtte invistere i en slik. Utrolig mye fint som er i den butikken du skriver om!Ha en fin pinse!!

Anonym sa...

Herlighet så mye lekkert på en gang! Virkelig en "godtebutikk" ja, helt etter min smak :)

Tina sa...

Wow for en butikk. Heldig er du som er i nærheten (kanskje ikke for lommeboka da ;-D )

Blåbærtua sa...

Ja her skulle en ha vøri....