søndag 6. mai 2007

Kjempegod mat!!




I dag har eg laga ein litt annleis middag, men veldig populær vart den. Det heile starta i går kveld då eg ville prøve på noko nytt, og det smaka så godt at det vart for lite mat. Så eg måtte love å lage meir i dag! Namn?? Veit ikkje om det heiter noko, men eg har valt å kalle den
"Skinke-foccacia"! Slik laga eg den:

Utgangspunktet var Foccacia, men eg ville ha på litt skinkebitar. Eg brukar til vanleg å lage ei deig som liknar på pizzabotn, men på bloggen til Sanna så fann eg denne oppskrifta som såg litt spennande ut.


FOCCACIA


1 kg hvetemel
1 egg
2 dl olivenolje
½ finhakket rødløk
2 fedd hakket hvitløk
1 ss sukker
2 pk tørrgjær
2 ts salt
1 ts paprikapulver
1 ss oregano
6 dl lunket vann
1 ss grovt salt

Bland mel, egg, salt, sukker, gjær, paprikapulver, halvparten av rødløken og 1 dl olivenolje i en bakebolle. Tilsett lunkent vann og rør sammen. Deigen skal være ganske "løs", men ikke flytende. Hev i 45 minutter. Skrap deigen over i en langpanne dekke med bakepapir. Klem deigen utover så den dekker hele formen. Prikk bunnen med fingrene, dryss over resten av rødløken, hvitløken og oreganoen. Hell over resten av oljen, dryss på havsalt og la den heve i 20 minutter. Prikk med fingrene igjen og stek den på 200 grader i ca. 25 minutter til den blir gyllen og sprø på toppen.


Eg følgde ikkje oppskrifta heilt, hadde ikkje i egg og kvitløk, og brukte mindre olivenolje, salt og gjær i deigen. Men hadde så på hakka skinke og frisk rosmarin. Steikte på 225 gr i ca 20 min eller til den begynte å bli gyllen, nam, nam!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Nam, dette såg godt ut og må prøvast! Tippar at det kjem til å bli populært hos gutane mine og!

Anonym sa...

dette skal vi prøve no når gutane med damer og unger kjem heim til 17. mai. Det er ny konfirmasjon 20. mai. Så då kjem dei heim for å få med seg den.

Elin sa...

Å dette er fantastisk. Eg elskar foccatia...og Italia...m.m.
Her har det gått i nedvask i dag.

@afjo72 sa...

Oiii, dette så godt ut - må testes ut. Tror nemlig også at jeg har et par gutter som ville sette pris på en sånn godbit... :o)

Takk for oppskrift og ha en super mandag!