fredag 18. mai 2007

Bildebehandling, del 1!!

Eg har visst lova at eg skal skrive litt om bildebehandling, det blir ikkje noko avansert opplæring her, men eg deler gjerne erfaringane mine med andre.
Eg har alltid likt å prøve meg fram med å finne ut nye finesser, så det eg gjer no , gjorde eg ikkje td. for 1 mnd sidan. Ved å prøve ut dei ulike programma ein har på pcen, så får ein mange aha-opplevingar, noko er bedre enn det ein har gjort før, anna er ikkje brukandes for meg!

Programmet Adobe Photoshop 6.0 har eg brukt lenge, men for det meste for å endre størrelsen på bilda. Etter at eg begynte med bloggen, fann eg ut at det var enklare å bruke Microsoft sitt program Microsoft Office Picture Manager for å både beskjære og lage "web-str." på bilda.

Beskjære bilder:
  • Marker bildet du skal behandle
  • Høgreklikk, marker linja "Åpne i", du får opp ei rute med ulike valg, klikk på Microsoft Office Picture Manager.
  • Klikk på BILDE i verktøylinja, velg BESKJÆR
  • Hjørner og sider får markerte strekar, desse flyttar du dit du vil kutte bildet.
  • Klikk OK i feltet til høgre og trykk på "lagre-symbolet" på verktøylinja.
  • Er du ferdig no, så berre lukker du sida, skal du endre på oppløysinga på bildet, kan du fortsetje vidare herifrå.

"Web-str." på bilda:

  • Utgangspunktet her er som nemnt over.
  • Klikk på BILDE i verktøylinja, velg ENDRE STØRRELSE
  • I feltet til høgre på sida (Innstillinger for endring av størrelse) klikkar du på Forhåndsdefinert bredde x høyde
  • Klikk på v-haken i boksen under og du får fram ulike alternativ her. Eg brukar å velge Web stor (640 x 480 pks). Klikk ok og lagre til slutt.

OBS! Dersom du vil ta vare på det opprinnelege bildet ditt, så må du lagre bildet i eit nytt namn, eg har som vane å berre føye til bokstaven b på det behandla bildet, då ser eg fort kva som er i "lite" format. Finn ut eit system som fungerer for dykk, det er det viktigaste.

No håpar eg at dei fleste av dykk forstod denne oppskrifta, det er berre å spørje om eg var utydeleg om noko. Lykke til!

(ps. Skal ta litt om rammer/design seinare.)

1 kommentar:

FO - 2 sa...

Takk for tips. (:
Har mye å lære...
Fortsatt god helg til deg. (: