Bursdag igjen!! No er det den nest yngste i huset som feirer dag, så då må mor lage til yndlingskaka,- sjokoladekake sjølvsagt! Og så vart det rullekake med heimelaga bringebærsylte og vispa fløyte i, og no står ei god bolledeig og hever seg.
Tidlegare i dag laga eg spesialsylta mi; rabarbra og aprikos.
Her er oppskrifta:
1 kg rabarbra
1 kg sukker
Kutt aprikosene i små bitar, slå over 0,5 l vatn og la stå 1 døgn.
Rabarbraen kuttast i små bitar, kok opp i lag med aprikoser, la koke til aprikosene er møre. Ha i sukker, kok opp og rør til alt er oppløyst.
Her trengs ikkje konserveringsmiddel, blir stivt nok.
1 kommentar:
Dette var no eit magisk syltetøy, stivt utan konservering! Fine påskefargar. Trur ikkje eg har rabarbara i frysen, men det ser kjempegodt ut! Nam....
Legg inn en kommentar