fredag 13. april 2007

Black beauty x 2

Det er ikkje kvar dag eg har tid til nye innlegg, som de ser har eg nokre firbeinte som treng sitt daglege stell. Dei er to fine damer, som er som damer flest, kranglar litt, men treng kvarandre likevel! Og dei er svært så selskapsjuke, vil helst være så nær oss når dei går ute, kanskje litt kos å få?? Og viss vi ikkje ser på dei så humrar det ofte frå ei av dei,- vil ha oppmerksomhet!







Nikita Noir, til dagleg berre Nikita





Petite Queen, varmblods hest som til dagleg heiter Pepita









Dette er Nikita Noir, halvblods hest med engelsk fullblods og norsk kaldblods døl i god blanding!

Sjølvsagt er det mykje arbeid med hest, men du verden kor mykje du får att når ein går rundt dei og styrer. Og så kloke som dei er! Og snille som nokre lam, for vi kjenner kvarandre så godt og dei veit akkurat kva vi seier til dei!! Og ikkje minst,- dei er fantastiske å lytte! Vi pratar og dei nikkar og er heilt sikkert enige.


Ganske så nyskjerrige på meg når eg fotograferer, lurer vel på kvifor eg sit på uvanlege plassar og ser på dei, ropar på dei av og til og seier SMIL!

Så no endeleg Lappetausa og Haldis, herved er også mine hestar publisert!

2 kommentarer:

@afjo72 sa...

Flotte dyr! Og klart at de er både kloke og forståelsesfulle. :o)

Ha en fin mandag!!

Anonym sa...

Heisann, kom her via Liselotte, der jeg er innom hver dag!
Ser du har hest......jeg har jo også litt dilla på hest. Kom nettopp fra rideleir i helga. Masse hestebilder i bloggen fra turen.
Ripple-teppet ditt blir fint, altså!
Kanskje vi sees igjen?