måndag 26. mars 2007

Kos i solveggen!



Ein nydeleg dag i Nordfjord! Utsikt frå verandaen min.









I går sat eg og drøymde om ein strålande mandag ettermiddag, og jammen slo veret til. Eg var ikkje sein om å plukke med meg diverse ut på verandaen då eg kom heim etter jobb, og det kan nesten ikkje beskrivast kor godt det var og sitje der heilt i ro, sola varma godt og fuglane song. Og det varma og varma, til slutt sat eg i t-skjorta og kosa meg i solkroken.





Fekk kosa meg med mitt nye hekleprosjekt (kjem sikkert til å vare i 10 år!!). I går var eg inne på bloggen til danske Liselotte, der fann eg både bilder og oppskrift på eit herleg bølgete heklateppe. Det er hekla av bomullsgarn og har mange glade fargar, eit skikkeleg resteteppe. I fyr og flamme leita eg fram alle mine restar av bomullsgarn, fann mange fargar som berre har vore lagra fordi der ikkje har vore nok trå til noko skikkeleg før.



Men no kom løysinga, og eg trur det skal bli fint. Liselotte sitt er 1,40 m bredt, så mitt blir omtrent det same. Men kvar omgang er lang som en evighet skreiv ho, og det stemmer akkurat, men foreløpig er det berre kjekt.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette sengeteppet var kjempefint, men litt av ein jobb! Flott med sånne restegarnprosjekt! Lykke til
Hilde

Elin sa...

For ein kosedag i solveggen! Eg prøvde meg på ein middagslur i staden, heilt utkjørt etter helga...Lukke til mede lange hekla-omgonger. Eg trur eg skal prøve meg på bestemorsruter igjen snart, fekk slik inspirasjon av ein blogg i kveld! Prosjekta er mange...altfor mange!

Anonym sa...

For ett nydeligt sengeteppe, flotte farge. Du får nok til å hekla dette. Kos deg videre i solkroken din....

@afjo72 sa...

Så deilig med våren og sånn kos i solveggen! Koselig plass du har, og FOR en natur og utsikt da gitt. Venter spent på fremdriften i sengeteppe-prosjektet, det var jammen meg litt av en jobb. :o)

Håper du har nok en fin vårdag på din kant av landet!!