søndag 10. august 2008

Nesten som å vaske gull!

BLÅBÆR!!

Berre at resultatet er blåsvart! Men for meg er dette skogens svarte gull som eg endelig har klart å plukke litt av. I dag har eg renska bæra i denne smarte bærrensaren, følte meg nesten som ein gullvaskar der eg sat og rista bort alt det eg ville bli kvitt!



I fjor skulle eg omsider i blåbærskogen, men det var nok i seinaste laget,..... ca 52 bær vart fangsten då. Men i går vart resultatet straks betre, omlag 5 kg plukka vi på ei lita stund. Jippi!

Sjå den vakre rosepynten som blåbæret har midt på! Nesten som eit av ornamenta i Jugend-stilen!





Det vart kokt sylte av 2 kg, resten av bæra er lagde i frysen.

Men Juliann har i det siste hatt tradisjon å lage noko søndagssnadder til kaffien, i dag fall valet på plommer. No bugnar trea mine av store blåplommer, så då ville eg prøve meg på ein plommepai med smuldredeig. Måtte prøve med litt eple også, har lagt dei på eine sida.

OPPSKRIFT

Legg frukt blanda med 3/4 dl sukker og 2 ss potetmjøl i ei smurt form.

SMULDREDEIG til å ha over:

3 dl havregryn
1.5 dl sukker
1,5 dl mjøl
125 gr smelta margarin

Rør sammen det tørre og bland i smelta smør, deigen blir fast/smuldrete.
Strø over frukta og steik midt i omnen v/ 220 gr i 20- 25 min, eller til deigen blir fint gulbrun.

Server med kremfløyte og vaniljesaus.

Lykke til den som prøver!



Namm nam!

2 kommentarer:

Tiril sa...

Hei!
Her har jeg vist ikke vert innom før,
Men du værden for en kjekk blogg,
Flotte bilder, og veldig variert lese og bilde innhold,
Dette skal jeg ta tid på å ble meg igjenom, har skummet meg tilbake til påsken, men her vil jeg bruke tid, så nå tar jeg kaffikoppen med meg og leser meg gjennom.
Nydelige med blåbær, utrolig hva du hadde plukket i fjor:))
Mange flotte matbilder hadde du og.
Dette var kjempe bra.
HEI HEI, NÅ SKAL JEG KOSE MEG VIDERE HER PÅ BLOGGEN DIN.

Rhondee sa...

I wish I had a way to translate your blog. Hadn't figured that one out yet but the dessert looks so delicious and yummy! Take care.
http://ravelly1-quiltzblog.blogspot.com