søndag 11. oktober 2009

Sesongskifte

Denne helga har eg vandra mellom årstidene på mange måtar. Heime har eg vore med på eit Julemysterie i Ninas blogg, der eg har sydd på "julete" stoff og motiv, sjå tidlegare innlegg. Men eg er ikkje typen som sit så lenge i ro med noko (unntatt pcen då!!), så det har blitt nokre flotte turar i naturen på heimstaden min.Flotte fargespel på slike haustdagar (når det endelig sluttar å regne), og med dei kvite toppane som kulisser, så kjem fargane endå betre fram. Dette er utsikt frå punktet der eg har min daglege tur til, uansett ver!Når ein går tidleg om morgonen, så ligg rimfrosten i buskene, ...og gjer dei berre endå vakrare! Denne helga har eg vore høgare til fjells, opp i vinterlandet bar det, litt djupe skavlar her og der, men elles gjekk eg i ca 20 cm snø.....og der var lite folk å sjå, berre eg og harepus var visst på desse traktene. Synd! For her var aldeles vakkert, nesten så ein kunne ønske at dette var påskesnøen og at sommaren var i vente......
Ein topp i vinterskrud, kald, øde,.......men jammen varma sola. Herlig å stå her oppe og sjå ned på all denne vakre naturen vi har i Nordfjord!

3 kommentarer:

Ati sa...

Takk for vakre bilder. Du er veldig flink å ga på tur !

tiny sa...

Jeg kommer fra Nederland og se din bilder, dere er veldig vakre. jeg liker Norge og kommer på ferieen til Norge. Se min blog
http://tinishobbyhoekje.blogspot.com/
Mange hilsen Tiny

Gro sa...

Dette var vakre bilder, ja! Skyggen din ble en snømann i snøen... God søndag - klem fra Gro!