laurdag 24. oktober 2009

Big Brownies!

I går fekk eg kakebestilling av minstemann i huset. Så liten er han ikkje lenger då med sine 15 år og høgde som no er gått forbi mor. Men forige helg hade han bursdag og i går kveld var det vennebesøk med film og god mat.
Og nylaga Brownies er visst beste kake ein kan servere til slike ungdommar forstod eg,...... og då held det ikkje med ein liten Toro-pakke!
Ei stor langpanne var behovet og då måtte mor ut på nettet og Google etter "brownies langpanne". Heilt utruleg kva ein finn ute i dataverdenen, og valet fall på ei av oppskriftene som eg fann. Og det var eit godt val, for kaka vart veldig god.

Oppskrift:

375 g smelta margarin
7,5 dl sukker og 3 dl kakao blandes i margarinen.
4 egg, tilsett eitt om gangen og rør godt mellom kvart.
4,5 dl mjøl
1,5 ts bakepulver
1,5 ts vaniljesukker
Det tørre blandes i til slutt i lag med
1 boks hakka valnøtter

Fordel ut over langpanna som er godt smurt eller kledd med bakepapir.
Steik v/ 200 gr i 20- 25 min på nest nederste rille.
Sjekk med kakepinne om den er ferdig, det skal ikkje henge att røre på den, men kaka skal være litt fuktig i midten, då er den best!!

3 kommentarer:

Haldis sa...

Den såg god ut! Kjekt å feire sjølv om ein er 15, flott mor lagar kake og at dei får vere i huset ungdomane.God helg!

Ocean showroom sa...

Mmmmm...! Dette så smaskens ut! Brownies er en av mine favoritter også:) Det er farlig godt!
Klem, Lene

Ati sa...

Et par to eller tre kalorier er der men ungdommer har godt av det :) Ser veldig bra ut og selvføgelig deilig! ( alt med mye sjokolade er det ;)