torsdag 6. august 2009

Idyll

Idyll er rette ordet for denne byen, iallefall for dei som likar STOKKROSER! Her kryr det av dei. dei veks langs husveggane og har kun brustein rundt seg ved rota. Utruleg!

Byen er Ystad heilt sør i Sverige, nokre kjenner den som byen der Wallander jobbar som krimetterforskar, men for meg er dette byen med dei maleriske husa og alle stokkrosene.




Hardangersaumgardiner her sør.........., skal tru om her bur ein vestlending??

Livet i Olofsbo ved Falkenberg er elles heilt fortreffelig med vakre solnedgangar og eit døsig seinsommarliv.Turisttrafikken er ikkje så travel no som den brukar å vere i fellesferien, så dette er berre å anbefale.

Og strendene og havsutsikten er det ingenting å klage på, dette er medisin for kropp og sjel!



På tide å vende heimover snart, neste veke er det jobb igjen, men med mange gode minner från soliga dagar i søder!

4 kommentarer:

Charlotte sa...

Heisann!
Ja, Ystad er verkeleg ein fine by! Og uendeleg mange vakre stokkroser overalt!
Eg var i Ystad i sommar, og var med i den guida turen i "Wallanders Spår". Storkosa meg!!!
Ha ein fortsatt fin ferie!
Hilsen Charlotte

sabi sa...

Hej! Jag är precis i närheten av att vinna en dator,men jag behöver din hjälp! Skulle vara jätte kulligt ifall du kunde bli medlem under den här länken : http://www.gratisbio.se/?RecruiterID=3584

Skriv gärna sedan i bloggen min ifall du blev medlem så jag kan tacka dig, skulle betyda grymt mycket:)

/ Sabi

Anonym sa...

Eg diggar stokkroser, og den gata du har fotografert er berre heilt utruleg! Fekk lyst å reise dit med ein gong ...

TIRIL SOL sa...

Dette såg bare heilt perfekt ut.
Ser ut som du har hatt ein fin ferie:-)