måndag 13. april 2009

Påskefrukostfinale

Då har Juliann dekka på til årets siste påskefrukost! Med mitt påskeservise som eg likar så godt. Kjøpte desse på postordre ein gong, det var kanskje Firkløveren eller likn. Då eg fann ut at eg ville ha nokre ekstra kuvertar, så var det slutt på denne sorten!! Så om det er noko ute i bloggeverda som vil bli kvitt sine, så er eg ein interessert kjøpar! Ta kontakt då!!
Desse tidlege frukostane mine har eg hatt heilt åleine, har ikkje ein gong vekt min mann! Han har jobba nokre dagar i påska så då syns eg han fortener å sove lenge når han har fri. Men så kan eg også nyte stillheten i huset. Mine to yngste gutar som er i dataspelestereodunkdunk-alderen ligg i dvale, det er heilt stille. Fuglane syng fin morgensang ute og eg har sett på NRK klassisk!! Faktisk utruleg flott og stemningsfullt å høyre på enkelte av innslaga, litt renessansemusikk, av og til eit "klosterkor", ja då merkar eg at det er høgtid!

No sit eg og ventar på at skoddeskyene på himmelen skal sprekke skikkeleg opp så det kan gjerast klart for dagens fjelletappe! Det er meldt SOL i dag! Det betyr fjellver!! Og det ser ut til at det skal det bli!
God siste påskedagen til alle som er innom, og eg sender ei lita helsing langt nordover landet til Odd H som kanskje "beveger" seg på ski i dag???

3 kommentarer:

Haldis sa...

God påskefrokostfinale! God tur på fjellet i påskesol. Her blir det "fyrtur" vest i havet i dag.

Ati sa...

Takk for dine påske eventyrer og appelsinkake oppskrift, nydelig!
God tur i dag!

Monica sa...

det er så koselig med servis til de forskjellige høytider. jeg prøver å lete etter et vakkert juleservis, gjerne med engler på. Ønsker deg en nydelig dag. -monica-