måndag 23. mars 2009

Pinneposer!

Denne helga har eg virkelig fått sydd noko og blitt ferdig med det også. Eg har lenge tenkt på å lage meg nokre snertne posar til å ha rundpinnane mine i, og no har eg endelig fått laga meg nokre. Nokre ja,.... det var så kjekt å sy at det vart mange, meir enn eg har bruk for, så eg trur nok at nokre av desse vil eg legge ut for salg i Julianns Bu!
Posane er egentlig i ein god Universalstørrelse! For om ein ikkje strikkar og har pinnar å ha i, så er dei akkurat passe til å ha td. bind o.l. i, då ligg dei ikkje og sleng i veska og ramlar ut når det ikkje passar!



Denne er sydd i kraftig "fluktstolstoff"

Denne er sydd i linstoff.

Applikert Laurel Burch katt.
Denne er sydd i eit tjukt bomullsstoff med innfelt quilta balistoff.


Så dei som ønsker seg ein slik pose må følge med i Bua mi, eller kontakte meg på mail. Eg kan sikkert lage andre modellar også om du har eit spesielt ønske! Størrelsen på dei ferdig er ca. 14 x 16,5 cm.

4 kommentarer:

Randi sa...

Så produktiv du varit. Och så läckra påsar du skapat - gillar designen. Du är så oerhört kreativ!!!
Kram Randi

Mallemor sa...

Detta var lurt. Enkelt og greit.
Eg ser det er så in å feire årsdager for bloggen sin.Eg adde ikkje tenk å gjere noko slikt for eg ser det kjem mange innlegg fra folk som aldri legg att kommentarer ellers. Og at en som ikkje er jevnlig innpå og legg att komenterer syns eg blir feil. Så no har eg vore inn på og tellt alle innlegg fra dei i lappeklubben som er ofte innom. Her er det to som ligg heilt kloss opp til kverandre... så no kan dokke vente i spenning.

STRIKKEMOR(O) sa...

Desse posane ser både praktiske og fine ut!

Anonym sa...

Super fine ....mønster til desse eller