måndag 23. mars 2009

After sying!

Premie til meg etter å ha nådd dagens mål!After sying ein del i helga, så måtte eg nytte høvet i dag til ein tidleg fjelltur. Veret låg og "vippa" mellom fint og tilskying, så eg var usikker då eg la i veg i halvni-tida i dag tidleg. Pakka trugene mine i sekken og fann ut at dette måtte eg bestemme når eg kom lenger opp. Litt usikker gjekk eg oppover i snøen, skodde hang i åsane rundt, men etter ei stund fekk eg sikt til dagens mål, Storevarden på ca 680 moh. Toppen låg kvit og flott og bada i sol! Klart eg gjekk vidare då!
Kvite vidder og ein blå himmel der nokre skoddeslør fer forbi av og til,...... herlig! Alle motbakkar er som ein leik med slik utsikt!

Eit uunnværlig ekstrautstyr på slike turar. Trugene som eg fekk til jul har vore flittig brukt i det siste, og no sit gåteknikken fint! Berre å anbefale til påske. Desse er kjøpt på XXL.
Snømonsterspor i snøen!

Dette siste bildet er teke for vel ei veke sidan, då var veret og utsikten aldeles strålande. I dag låg det ein del tåke i fjorden.

5 kommentarer:

Mallemor sa...

Kor flink du e. Skulle ha vore oppe i høgda eg og,men eg e så flink til å finne unnskylninger for å la vere. Men egha rsykla både i går og idag bitte litt.....
no står seinvakt på programmet. Ha en fin dag.

Lillan sa...

heisann heisann
nå kom jeg fram til din blogg:)) koselig blogg forresten! legger deg til i blogglista jeg:) Ha en kjempe fin kveld:) Klem

Anonym sa...

After sying, flott ord, men da er det leggetid for meg. Flott tur du har vore på, godt med ein premie da.

Elin sa...

Masse sying og masse turgåing, du er flink!

teresa sa...

Hej, är du den Juliann som var med i min påsktävling?? För det var Juliann som vann och nu har jag googlat... Om det är du, så snälla skicka din adress till mig på bjorberg@comhem.se.
Hälsningar Teresa/Bohusstickan