søndag 1. februar 2009

Merkelig tomat.....

I månadsskiftet januar/februar brukar eg å begynne å tenke på vår og såing av frø. Nokre plantar treng lang forkultivering inne, slik som td. tomat. Eg har hatt mine eigne tomatplantar enkelte år, men kvart år skriv eg i filofaxen min at eg må huske å så tomatar i slutten av januar. Har eg huska det i år då??? Vel...har huska å skrive det, men ikkje å gjere det....

...inntil eg plutselig gjorde det i går kveld,....heilt ufrivillig!

For i går kveld skulle eg lage til taco med diverse tilbehør, bla. med oppkutta tomat. i det eg skar over tomaten lurte eg på om den var rotna i midten, noko rart og grønt låg der. Eller var det larver? Eg turde nesten ikkje ta i den, pirka berre med kniven. Eg gjorde store auger då eg såg kva det var...... frøa inne i tomaten var begynt å spire, og dei var grøne inne i tomaten!!!

Denne tomaten hadde eg oppbevart på ei kald bod ei tid, trur den var av lageret som eg kjøpte inn rundt nyttår, men lagring av tomatar lenge brukar å gå fint. Men eg har aldri sett at dei er svanger med tomatbabyar!!!

Så eg pirka ut alle spirane og planta dei fint i ein juicekartong. Kanskje vert dette årets plantar om dei overlever stovevarmen min??

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg trur det kan gå bra å få plantar! Viss stilkane vert lange, set du planten nederst i ei potte og fyller opp med jord når du plantar dei om. Eg har dyrka tomatar ein gong. Då potta eg dei om fleire gongar i større potter og sette dei nederst. Ver førebudd på mykje vatning!

Anne på Moseplassen sa...

Det hender visst av og til :)
Lykke til med de søte små!
(og visst kan du få tomatplanter og tomater, men om du ikke tilbyr ekstra lys og litt lavere varme enn stua så blir det nok ikke så mye skikk på de plantene, men artig å prøve da)