søndag 4. januar 2009

Naturens lys

Dette året har det foreløpig ikkje blitt noko særlig blogging om hverken interiør eller quilting, her kjem visst mest eksteriørbilder!!
Men veret her har vore så fantastisk, og eg har teke mange turar opp i høgdene her eg bur. Eg har ei fast turløype som eg har som mål å gå minst ein tur for dag, i all slags ver og vind,... er litt streng med meg sjølv, men det er så flott å nå målet og nyte den flotte utsikten.

Eg brukar også å nyte dei ulike skiftingane av lyset i naturen, særskilt tidlig om morgonen. I dag gjekk eg i 10-tida, så det var ganske lyst, men likevel eit flott lys i aust der sola driv og stig og stig bak dei høge Vestlandsfjella. Men det var kaldt, minus 5 heime, så eg veit ikkje kva det var her oppe. Men eg fraus ikkje, turen opp fekk heten i meg, og med min nye Ulvang-stillongs som eg fekk av son min til jul, så var eg godt kledd.


Desse naturbilda har eg teke med mobilen min, utruleg gode bilder frå min gamle Sony Ericsson k750i!! Er uunnværlig på turane mine, alt i ett-verktøyet, både telefon, radio og kamera, kva meir treng ein bloggande turgåar???
Utsikt mot vest....ikkje det same lyset den vegen nei!

Vel heime i bloggekroken att, lyset i sør er også fint bak stjerna mi, men langt frå så fasinerande som når ein er høgt og luftig ute i det fri! Ha ein fin søndag alle bloggarar som kikker inn til meg!

1 kommentar:

TIRIL SOL sa...

Godt nyttår over vegen. Du er flink som går denne turen kvar dag, sjølv har eg ikkje vore flink å gå denne hausten. Lover meg sjølv eg skal bli flinkare når det blir lysare kvelder og eg kan gå etter jobb.