onsdag 21. januar 2009

Eit fruktbart Høneliv!

I haust fekk eg meg nye høner. Bestanden min minka fort i sommar då Mikkel Rev tok ei høne og ein hane, og like etterpå døde mi elskede store svarte Tuppeline. Ho var ei cochin-høne, stor og vraltete var ho, og var den einaste som fekk gå rundt i hagen min når det var ver til det. Ei slik høne kunne eg gjerne hatt no òg.
Tuppeline

Men med berre ei overlevande høne som ikkje la egg, så var dette dårlig butikk! Denne kvite Islandshøna er no pensjonist i flokken, Dronninga kallar eg henne. Og som dei gode dyrevenner vi er, så har ho fått lov å leve vidare i lag med den nye flokken. Og ho ser ut til å trivast i lag med alle ungjentene!
Valet mitt denne gongen fall på skikkelige "verpemaskiner" frå ein oppdrettar av slike, og 7 høner ankom ein dag i ei kasse. Og eg har bestilt etter Lars Sponheim sitt utsagn: "Hver mann sin høne". Vi er som oftast 7 her på garden, men er oppe i 8 når storebror er heime på besøk. Då er det godt å ha rikelig med egg, ja så rikelig har eg no at eg ikkje alltid klare å bruke alle. 7egg for dag har dei lagt hittil, er litt spent på når dei vil ta ein pause og kor lenge den varer også....

Av og til er det kamp om beste rugeplassen, rart å sjå, men mange vil gjerne bruke den samme plassen.

...om å gjere å få til ei god stilling i reiret...
...og så ligg dei i kø og verp!

...og egget ligg att mjukt i høyet!

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg trur Reidun skal ha tilbod (-10%) på sokkegarnet neste veke/helg, så det kan vere lurt å vente til då viss ein skal kjøpe mykje. Gler meg til å prøve det, men må sy ferdig den tredje blokka mi først.....