torsdag 1. januar 2009

BLANKE ARK

Eit heilt nytt år er begynt, med mange ubrukte minutt, blanke ark og mange muligheter! Ein herlig dag i dag, for frå i dag ser vi berre framover, til sol, varme og alt vi gjerne vil gjere. Har også endra på stilen på bloggen i dag, godt å fornye seg litt!



Naturen i Nordfjord har også varta opp med blanke ark, for i natt dryssa det eit fint tynt lag med puddersnø som har dekka over alt frå 2008! Alt er kvitt og reint! Og sjølvsagt baud det inn til ein fin tur til fjells, opp til øverste skoggrensa der utsikten over fjord og fjell er upåklagelig!Morgenhimmel mot aust, og høgt på himmelen er eit fly i farta, kanskje fyllt med julegjester som skal heimatt til USA? Eller Island??


Akkurat passe med snø over skoa, lett og fint å gå!

Ein stille og rolig morgen uten vind, så stille at dei fjørlette snøfnugga får ligge fint ytterst på greinene til einene.

6 kommentarer:

Elin sa...

Godt nytt år! Desse bileta er til å få "heimlengt" av. Her hos oss er det ikkje heilt overkvita. Og du hadde vel ei roleg nyttårsfeiring sidan du var så tidleg ute og på farten...

STRIKKEMOR(O) sa...

Godt nytt år! Herlege bilder, og bloggen din er blitt riktig stilig!!

Linda sa...

Godt Nyttår!Flotte bilder fra naturen der du bor.God helg!
Hilsen Linda:))

Anne på Moseplassen sa...

deilige bilder :) det er så godtå se fjord (?)
godt nytt år :D

STRIKKEMOR(O) sa...

Hei! Eg lurte på korleis du fekk til oversettaren på bloggen din? Eg finn ikkje ein oversettar for norsk side.....

STRIKKEMOR(O) sa...

No fekk eg det til!!