fredag 5. desember 2008

"Røde Stjerne"

"Røde kors", "Røde halvmåne" og no "Røde stjerne", vel eg er ikkje ute med noko form for meiningar her. Men i det eg kjøpte mi røde stjerne assosierte eg med desse kjende namna.

I farten kom eg ikkje på kva røde stjerne stod for, så det måtte eg google litt, der stod det ma. "Røde Stjerne er også en fotballklubb. Den femarmede røde stjernen (pentagram) er symbolet for sosialismen" og " Røde stjerne heiter eit magasin til Norges kommunistiske ungdomsforbund". Så, då så,...... best å slutte av dette avsnittet trur eg, for her skal det handle om julestemning!

Når eg ser på stjerna mi, så er eg glad den har 9 armar, for då kan den sikkert ikkje koblast til anna enn fin symbolsk julepynt. Og den røde fargen virkar varm og imøtekomande å sjå på!


Ingen kommentarer: