
Julekortproduksjonen min er som før, det går i heimelaga helsingar til nær slekt som set pris på slike ting. I fjor fekk dei liknande kort med
"Rudolf-motiv"(øverst til venstre på mønster-bildet), i år er det
"hyrding på marka". På bildet over er dei ikkje heilt ferdige enno, dei manglar 2 knappar: ein sau og ei gullstjerne. Skal legge inn eit bilde av eit ferdig kort sinare.

Mønsteret er frå ein av mine favoritt-produsentar;
Art to heart. Motiva er enkle i fine fargar og er utruleg sjarmerande synest eg. Har planer om å lage alle desse til meg sjølv med tida. Men eg er iallefall heldig som får eitt sjølv i år;
til meg frå meg!!! Det er viktig å lage eitt eks. til seg sjølv medan ein held på, for seinare blir det ikkje, det har iallefallm eg erfart!
2 kommentarer:
Veldig stilig :-)
Innom for å ønske deg god helg, benytter samtidig anledningen å ønsker deg ei God Jul.
Klem fra Ronille
Legg inn en kommentar