tysdag 16. desember 2008

I juletreskogen

Søndag var eg og Juliannmannen på ein romantisk traktortur til juletreskogen vår! Ikkje kvar dag eg sit på i traktoren, så det var litt spesielt å fare humpande i snøen i den store og sterke traktoren vår.

Der var fullt av slike små og søte tre som eg hadde bruk for denne dagen, det endelige store juletreet skal vi hente neste helg.
Desse småtrea skulle eg ha til dekorasjon og til å gi bort som "Julekort". Etter ide frå ma. bloggen til Drømmen om en eplehage
der ho pynta ei lita gran med røde epler, så har eg pynta mine med meisebollar som eg har festa med ulike røde sløyfer: av fløyelsband, silkeband og rødt glinsande pakkeband.


Dette bildet var teke med blitz i full fart, skal få teke eitt i dagslys som viser litt betre korleis det vart.

1 kommentar:

Anonym sa...

Tusen takk Juliann, eg vart veldig glad. Det skal få stå på trappa ved inngangsdøra mi heile jula.