tysdag 23. desember 2008

Førjulsbesøk i byen

I år har eg fått med meg mykje julestemning, ja til og med julestemning i Bergen by! Heilt utruleg å sjå alle dei flotte lysa i byen når mørkret senkar seg, mange stemningsfulle syn å sjå! Iallefall for meg som ikkje er frå ein by!!
Gatene var også nydelig pynta med lysande stjerner, som naturleg nok er finast når det vert mørkt. Mange hus var også fantastisk flott pynta, med stjerner, kransar og lys i alle fargar. Ei liten julekonsert fekk eg også med meg i går kveld,....stemningsfullt med nydelige julesangar i ei nydelig kyrkje!

Men i dag er det på tide å finne vegen heimatt, kofferten er godt merka med heimelaga korffertlappar.

Sender ei helsing til meg sjølv (!!!) og alle andre som er på veg heim i dag med denne fine "heimreisejulesongen"!!




3 kommentarer:

Klarafina sa...

Titter innom for å ønske deg en riktig GOD JUL!

Halling jenta sa...

Riktig God Jul og ett Riktig Godt Nyttår

Signes Vind sa...

En riktig God Jul önskar jag dig. Ser att vi gillar julmusik båda två - Driving home for Christmas är också en favorit hemma hos mig.
/ Lotta på Signes vind