måndag 17. november 2008

JOY!


Ja no er det virkelig JOY hos Juliann, for dette er noko eg likar godt! Ein haug med skruar, pluggar og spiker,...kva kan no dette bli tru? Eg trur nok det finst ein del bloggarar rundt om som kjenner seg att her, mange har nok skrua og hamra i veg på mange av sine møblar,... og fått lønn for strevet.

Har lenge gått og venta på å få i hus desse delane, og endelig er dei her. Ikkje enkelt å sjå kva det er kanskje, men om de leitar på bilda så dukkar det nok opp eit lite hint...


Skal nok vise kva dette blir til, har skrua i hop det meste i dag, men litt står att å gjere. og så langt har alt gått som smurt, alle deler passar flott og eg har rikelig med skruar så langt. Og eg har vore kjempeflink syns eg, har lest meg gjennom monterings-KOMPENDIET og følgt den til punkt og prikke frå nr 1 til 42!!!

Må fortelje litt om før pakken kom i hus, ...då pakken låg på lageret på IKEA i Bergen. 2 pakkar var det forresten, og BLYTUNGT!!! 77 kg stod det på nettsida, men på hyllekanten stod det 82 kg! Vel, eg gjorde eit forsøk på å dra den største over på trillevogna, men fann fort ut at eg kunne vel be om litt hjelp (var der åleine og handla denne gongen). Karen på lageret var både blid og hjelpsom, og flytta dei galant for meg. Då kom eg på at eg skulle spørje om det var mulig å få hjelp til å få dei inn i bilen seinare, og han sa at det fiksar dei,... det var berre å gje beskjed i kassa.
Service har dei jammen lært på Ikea i Bergen, for då eg spurde om hjelp i kassa, var dama der like imøtekommande, og ringde etter hjelp. Og vips så stod det ein blid ung mann der, klar til å hjelpe meg. Så snar var han at eg måtte be han vente litt, for eg hadde ikkje fått tid til å pakke inn tallerkenar som eg hadde kjøpt. Og etterpå,.... :),.....karen var min gode hjelper og trilla vogna over halve parkeringsplassen og hjelpte meg å få dei på plass i bilen.
Har ikkje anna enn ros å gi til desse flinke folka som eg møtte denne dagen, dei gir IKEA positiv PR!!

3 kommentarer:

TIRIL SOL sa...

Å jo da:-) Eg kjenner igjen pakken og innhaldet. Kjøpte ein slik dobbeldekkar til soverommet vårt på hytta. Min yngste skrudde den ihop. Det gjekk heilt fint for han er typen som les og følgjer bruksanvisninger. Den er faktisk kjempefin:-))

Karna sa...

Denne kjenner vi igjen vet du...=0)
Tok litt tid å sette den sammen, men så er det godt med plass etterpå så det er bare å holde ut...

God helg!

Husflidstausa sa...

Har litt jobb foran deg der ja. Berre å lade drillen, bite tenna saman, og stå på, til du ser ei lysning i enden...