laurdag 16. august 2008

Stjerner ventar på sol!

Å som mine stjerneputer og eg har venta på sol og varme igjen!

Stabla bort i ein krok på soverommet er ikkje noko særlig for slike fine puter. Veret siste dagane har vore skiftande, men med ein altfor kjølig trekk i lufta, OG DET VIL VI IKKJE HA ENDÅ!!! Men i dag er himmelen heilt blå, no litt før kl 9 heng lange skoddedottar langs fjella og er på veg ut mot havet. Og gradestokken har klatra over 10-talet, håper den passerer 20 i dag!!! Viser også mine 2 nyaste puter som eg kjøpte på ferien i Sverige. Dei er i mørkgrå kraftig vevd velour og virkar å ha omtrent samme kvalitet som dei dyrare Grand-putene som eg har. Likar veldig godt denne fargen.Putene kjøpte eg på berømte/berykta Gekås i Ullared (he, he alt etter erfaringar og kjønn!!!Menn likar seg ikkje der;))
Og dei var rett så billige, under 100 svenske kr for kvar pute med pute inni! Klart eg måtte ha med desse 2 då. Og fargen er også ganske brukbar!

1 kommentar:

Haldis sa...

Godmorgen til ein flott dag her i Nordfjord. Denne må vi nyte!