Dette er episode 2 i møbelomtrekkinghistoria mi. Det handlar no om dei blå beina, som eg ikkje vil ha blå lenger, og ikkje vil måle i ein matt brunfarge.

5 t gjekk, det var ikkje tørt, seint på kveld var det ikkje tørt, heller ikkje neste dag eller dagen etter. Vel då var fiaskoen eit faktum og eg tenkte at her var det berre å finne fram white sprit eller noko liknande for å få det av.
Men så har eg vore borte i helga, og då eg kom heim i går, så var det TØRT!!! No ser fargen litt brunlilla ut, så neste trekk er å få litt gyllen glød i den. Har tenkt å finne ut om eg kan bruke ein gulbrun lasur over,.....viss den tørkar då! Håper eg finn ein som er på oljebasis, for den tørkar vel på alt slags underlag. Sit nokon med tips, så tek eg gjerne imot.
Det kjem nok fleire episodar i denne puff-serien om ei stund!
1 kommentar:
To sånne puffer har jeg også. Mine hadde brungusjegrønne ben, og grønt trekk. De er under behandling...
Legg inn en kommentar