torsdag 27. desember 2007

The ROSE

Eg vil med dette sende ei ekte julerose til alle mine bloggvenner. Denne rosa står i hagen til mor mi, og bildet vart teke julafta om ettermiddagen. Meiner at denne heiter "Queen Elizabeth", og det er ikkje første året mor mi har friske roser rundt juletider. Ho seier at når det har vore ein lang og mild haust, så veks rosene og set knoppar, men det går saktare på grunn av lav temperatur. Eg tykte denne var heilt nydelig, med doggdråpane og den mørke bakgrunnen, berre så vidt det var nok lys til å ta bilde, for blitz er ikkje tingen til slike bilder.

Det er så kjekt å kunne kikke innom mange flotte bloggar når ein måtte ynskje det. Og det er veldig kjekt å kunne dele inspirasjon innanfor dei områda ein er interesserte i. Eg er mest oppteken av interiør, quilting og hage og eg har ofte tenkt på at når eg tek meg ei bloggrunde, så er det som om eg stadig vekk får meg nye interiørblad, quilte- og hageblad. Eg finn ofte gode tips som eg har nytte av. På same måten håpar eg at eg kan bidra med tips og erfaringar til andre, ei form for gjensidig byttehandel. Eg har ikkje blogga i eitt år enno, og så langt har denne bloggetida vore heilt fantastisk. Ser fram til eit nytt og like kjekt bloggår neste år i lag med alle kjende og ukjende ute i bloggeverda! (Oj, dette vart visst nesten nyttårstale, men betre å ta det for tidlig enn for seint!)

3 kommentarer:

Linda sa...

Hei!Nydelig rose.Du har en inspirerende side.Fortsatt God Jul og Godt Nyttår.Hilsen Linda :)

Garden Angel sa...

Nydelig rose Juliann!
Du lurte på om jeg malte med helt hvit maling på skapet mitt..
Det gjør jeg ikke. Fargen heter "antikkhvit".
Ønsker deg en fortsatt fin romjul:)

Emmeline sa...

Nydelig rose, utrolig at rosene blomstrer nå midt på vinteren. Må være ganske så hardføre denne sorten.
Jeg koser meg i ny sofa, herlige dager! Håper du koser deg også med huset fullt av folk og sikkert både liv og røre:)
Ser du fikk med deg Julefilmen likevel, det gjorde ikke jeg i år, men jeg skal se min favoritt; Med Grimm og Gru en gang til på nyttårsaften så da får jeg det inn med teskje her hos meg, hehehe!