fredag 28. desember 2007

Romjuls-shopping

Romjul er ofte synonymt med røvarkjøp. Det strøymer inn med reklamer for salg hos møbel og elektrokjedene, og mange butikkar sel no ut julevarene sine til halv pris.
I dag har eg fyllt på med litt ny julepynt som eg skal henge opp, men til mi store forskrekking så les eg at nokre bloggarar er begynt å ta vekk pynten sin!!!! Får vel berre oversjå dei inntil vidare, for no må eg nyte min nye pynt ei stund til.


50 % avslag går ein ikkje ifrå, så når ein får denne store lyskula til under 100-lappen, så går kjøpet fort unna! Den er i klart glas, er nesten 20 cm i diameter og har snøkrystall-dekor i kvitt.






2 småkuler og ein krystallfigur vart også med, og Juliann er blid og fornøgd med kjøpa!

Har teke bilda i lampelys, så det meste ser ut som gull, men det er altså sølv og klart glas.



1 kommentar:

Linda sa...

Hei!Flott pynt du har handla,da er det klart for mere glitter og stas til neste jul...Godt Nyttår.
Hilsen Linda :))