søndag 9. desember 2007

2. søndag i advent



Ein nydelig søndag her på Vestlandet, temperaturen ute er no komen på minus og her er snart -4 no i kveld. 2. søndag i advent.
2 lys måtte tennast i dag til den seine frukosten.



Dagen i dag har vore ein skikkelig jobbesøndag, sjølv om eg kom meg litt seint opp (9.30) pga. julebordsfest i går kveld.


Eg har likevel fått gjort det som var viktigast i dag: HAR LAGA EKTE DØRGIRLANDER!! Først så hadde eg tenkt å kjøpe meg eit på Europris, men ombestemte meg fort då eg såg det. Matt grøn i fargen, ikkje særlig lekkert i dagslys iallfall,- men sikkert ok når lysa er tende og det er dårlig lys ute!




Oppklipte greiner klare til bruk.

Hengde opp snøret og festa greinene både i det og i kvarandre slik at det ikkje skal dele seg når det heng ute.


Har hatt planene i hovudet ei stund no, så då eg byrja visste eg korleis eg skulle gjere det. Eg brukte greiner frå tuja, eller sypress (blir aldri heilt klok på kva som er kva, like grøne er dei iallfall) og festa dei med streng til eit tjukt snøre. Det gjekk som smurt, greinene kutta eg opp først så det var berre å feste på. Spennande var det, for eg har aldri laga noko liknande før, men då eg hengde det opp rundt døra og fekk justere litt, såg eg at dette vart slik eg hadde tenkt det. :) Dei 80 lysa som eg surra rundt,kjøpte eg på Europris for kr 49,90, så det vart ganske billig men fin pynt dette. OG EKTE!!




Tok desse bilda i mørket,dei vart litt for mørke, men eg ville ha effekten frå lysa. Skal legge ut bilde av det i dagslys seinare.

2 kommentarer:

Emmeline sa...

Ja men din girlander var iallefall litt mer imponerende enn min---det må innrømmes. For min er IKKE ekte, dette står det respekt av det må jeg si!!!
Jeg hadde STORE problemer med å få gode bilder i dag, rett og slett fordi det var begynt å bli så kaldt og det dugget sånn på kameraet... SÅ der var du mye flinkere enn meg.. Jeg får IKKE amerika besøk i morgen, så trolig blir det litt ulikt på våre blogger i morgen--men jeg ler for du har faktisk akkurat de samme adventstallene på lysene dine som jeg har, hehehe...De la jeg ikke ut på bloggen i dag, men hadde jeg gjort det, ja da hadde innleggene blitt enda mer like:) See U i morgen regner jeg med! Da skal jeg teste radioen din på jobben også!

Ida sa...

Nydelige lys og god stemning. :)
Flott girlander også! :)
Og jeg er enig med deg. Det er så fint med ekte grønt.
Den ble som sagt flott.
Fin uke til deg.