søndag 28. oktober 2007

Opplevingar i LYSET!!



Eg har alltid vore fasinert av opplevingar i øyeblikket, slike aha-opplevingar som berre dukkar opp der og då. Slik er det med opplevingar i lyset òg, eller rettare sagt alle dei utrulege effektane lyset lagar til ulike tider på døgnet. Plutselig så sit du der og ser på ein effekt/kontrast som berre må forevigast.

Slik var det her òg. Bilda i dette innlegget er frå Alexandra hotel i Loen, var der to dagar på kurs (org. kurs) no før helga. Kurs er intenst og travelt, vi heldt på heilt til kl 18 ++, så eg var snar til å komme meg til yndlingsplassen min rett etterpå: Det herlege boblebadet utandørs!!

Der sat vi i skyminga, i varmt herleg boblesprutande og masserande vatn og naut naturen rundt, himmelen var ei stund bada i eit raudskjær inntil stjernene dukka fram over dei kvite fjelltoppane på over 1000 m høgde. Boblebadet med det turkise lyset i botnen laga ei utruleg oase i den ville vestlandsnaturen. Må berre opplevast!! Det var då eg sat der og tenkte at her skulle eg hatt eit opplevelsesbilde!!

Som tenkt så gjort, hoppa opp av det varme, inn i badekåpa, tøfla meg en smule dryppvåt opp til 4. etasje, henta kameraet og skunda meg tilbake. Eg var nok einaste fotografen der såg det ut til, men kanskje også den einaste bloggaren?? Kven veit?



Badeanlegget ute






Meir lys..... lys dukkar opp i alle former, vart så imponert over dei ulike figurane lysorgelet i dansesalen laga, eg tenkte OJ! eit slikt eit hadde vore kjekt å ha i barnehagen der eg jobbar!!





Vi hadde eit kjempever i Nordfjord denne fredagen, her er utsikt frå rommet mitt vestover Loenfjorden .


Morgensol over Lodalen!

Knallver i høgfjellet, rett bak desse toppane ligg den berømte Skåla (klikk her for ny flott side!), 1848 m over havet og ein populær fjelltopptur for dei spreke!!

1 kommentar:

Bim H-D sa...

Öhhh... undrar om jag ska föreslå något liknande när det är dags för friskvårdsdag på jobbet nästa gång? hrm, med inbyggd kursverksamhet på något sätt... dock är det ju som vanligt besparingstider, :( Vi försöker få klättra på vägg förra gången vi hade friskvårdsdag och möte med teamet jag igår i. Allt för DYRT, öhhh... blev en utflykt till en gammal gård i skogen, som är utflyktsmål numera och möte... kaffe med från jobbet... Förmiidag blev det enbart, då det senare blev arbete på em... just det, besparingstider!!! blääää...
Må så gott... värmländskan... kramis, ngn som tror att något liknande detta hade gjort gott för arbetsmoral - få något glädjande/uppmuntrande i all stress... 7500 användare av datorer med allt det innebär...