Klokka er berre litt over 17, men det er allereie begynt å bli skymt i krokane inne, og då er eg rask til å tenne lys der eg er. Denne lanterna har stått ute på verandaen i sommar, men eg må seie den har nesten ikkje vore brukt. Eg som drøymde om dei mange lune mørke augustkveldane ute på verandaen under heklateppet mitt, det vart det få av. Men eg huskar iallfal ein! Då sat eg ute, heilt mørkt, med rødvin på bordet og fin musikk på . ÅÅÅ, tenk om det snart kom fleire slike! Men inntil vidare så får det bli nær ovnen, under lanterna!!
Er begynt å ta inn nokre av pelargoniane mine, nokre store er havna i garasjen der det er isolert, men dei mindre og dei eg syns er ekstra verdifulle, prøver eg å få plass til inne. Nokre har fått vindusplass, nokre vert berre plassert inn om natta når eg er redd for kulde.
3 kommentarer:
Så koselig å se at du tenner lys nå i mørketiden. Det forrige innlegget ditt var helt utrolig. FOR noen vakre bilder--Fantastiske farger og et nydelig syn med alle bladene. Håper du har hatt en fin helg!
Flotte bilder i tussmørket.Som deg har jeg også tatt inn pelargoniene i vinduskarmen.Flotte høstfarger på forgje innlegg.Ha en fin uke! :)
Det var ei god og lun stemning med deg!Ser føre meg regnet piskar på ruta og vinden bles ute. Men akk ja, det var jammen godt å gå i dressar i dag. Nydelig utever.
Legg inn en kommentar