fredag 30. mars 2007

Påskeferie!!




Takk for mange besøk i bloggen min! Men ikkje så mykje nytt å sjå dessverre, har vore mest ute i hagen og jobba.Vi har hatt ei veke med kjempever, sol frå klar himmel, duft av solkrem og lyse dagar som blir lenger og lenger. Bildet viser himmelen i dag kl. 18.05.



Berre snev av lette skyer i dag, vi nyt det så lenge det varer. Og når det blir skya og regn; - då blir det kanskje meir sy- eller heklearbeid.


BURSDAG i familien! Min lillebror som ikkje er liten lenger, fyller fremdeles 29 år i dag, så til slike dagar brukar eg å fore han med nyttige ting, iallfall ting som han ikkje klarer å lage sjølv. Så no skal han få kuvertbrikke nr. 2 i same serie, til jul fekk han ei i same teknikk, no kan han ta imot gjest og dekke på!



Mønsteret har eg henta frå boka "Lappesprell" av Hanne Asplin Firman. Eg brukte ikkje teknikken som står i boka, det var altfor tungvint, så eg kopierte mønsteret og sydde på papir.

2 kommentarer:

Anonym sa...

For en lekker brikke, jammen er han heldig, broren din! Ønsker deg en riktig god påske!

Anonym sa...

Hei der Mariann takk for sist og god Påske Fin brikke