laurdag 30. januar 2010

Allsidige pitabrød

I kveld har eg laga grove pitabrød. Vel,..... det skulle berre bli vanlige grove, men underveis i bakinga kom eg på at eg kunne lage små foccacia av nokre. Dei fekk heve litt før eg hadde på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt. Dei vart fine og fristande, heile 35 stk av pitabrød og foccacia vart det!! Og smaken var perfekt!!
Oppskrifta vart også til undervegs, omtrent slik er den:

UNIVERSALOPPSKRIFT

1 l lunka lettmelk

1 pk gjær

2 ts salt

3 ts sukker

1 ts bakepulver

0,5 dl rapsolje

mjøl til passelig fast deig ( eg hadde i ca 2 dl sammalt grov kveite, resten fint kveitemjøl)

Hev minst 1/2 time før utbaking. Lag små bollar som du bakar ut til ein liten rund leiv, ca 10-12 cm og ganske tynne.
Dei som skal bli foccacia hadde eg på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt.
Steik v/250 i ca 9 min.

7 kommentarer:

krinkelkroken sa...

Disse skal testes, tusen takk for oppskrift:)

tiny sa...

Jeg prøve oppskrift,det se ut som sprise opp.
Hilsen Tiny

Ati sa...

Den skal prøves en dag, takk :)

Heggvoll sa...

Ser ut som en "må testes med en gang" oppskrift. Skrevet ut her nå, tusen takk for at du deler.

Sølvis blog sa...

Ups - forrige kommentar var fra meg og ikke Solveig. var visst noen som hadde lånt pc'n her....

Kari sa...

Har lyst til å prøve oppskriften, men kan man fryse dem?

Kari :-)

Two sa...

Til Kari!
Dei er laga som vanlig gjærbakst og kan frysast, men er alltid best som nysteikt og litt sprø. Eg brukar ikkje å planlegge å fryse dei, for dei forsvinn altid same dag!