Viser innlegg med etiketten kjøkkenting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkkenting. Vis alle innlegg

onsdag 7. november 2007

No syr eg igjen!!!

Pynteposar!


Her hos meg har det vore sytørke lenge no, men endelig har Julianns Tid vore litt romslig! Det har ikkje mangla på idear, og dess fleire eg har kome på, dess meir har frustrasjonen over å ikkje få gjort noko auka!


Liknande posar laga eg som julegåver i fjor, men då hadde eg ikkje stichery på. Til ei tante fyllte eg posen med juleting, slik som serviettar, lys og julefyrstikker, kanskje litt twist også oppi?? Ho vart så glad for den, og ville ha den på kjøkkenbenken både i jula og etterpå.


No fann eg ut at ved å lage posar til både mjøl og sukker, så kan "varene" stå framme på kjøkkenbenken utan at det ser rotete ut. Kanskje det blir heilt omvendt,- at eg no må ta fram mjølet mitt for å pynte!!! Og i tillegg så skal det visst vere perfekt for gjærbaksten å bruke romtemperert mjøl!!



Ein kilopose med sukker passar akkurat oppi her!


Og her passar akkurat ein pose med 2 kg mjøl!

Har no sydd nokre posar, og laga nokre som er typiske julete også! Eg brukar bomullsstoff til posane, medan foret og etikettane er av fin,tynn lin. Stoffa vaskar eg alltid før eg syr av dei, for då er ein ferdig med både krymping og evt. avfarging. Og fantasien jobbar på, kanskje det dukkar opp meir også! Eg har vel laga fleire enn eg treng til julegåver, så kanskje eg skulle lage meg ein liten bloggbutikk eg òg?? Skal tenke litt meir på det, men inntil dess så får lesarar som er interesserte i slike posar gje meg eit vink,- mailadressa mi står øverst på bloggsida.

onsdag 19. september 2007

Melkekua!!


Har vore på kurs i Førde i dag, etterpå var eg innom berre EIN butikk (ny rekord!). Måtte inn og sjå på nye Spar Kjøp som har flytta inn i kjempeflott bygg, og så skulle eg berre ha litt ullgarn. Men utatt så følgde det med denne søte melkekua, lita og nett, ca 15 cm lang og kosta berre 15 kr!

Eg har eit par venninner som likar å ha melk i kaffien sin, så neste gong skal dei bli servert av denne "kumuggen"!