Ein verovergang er truleg i vente her i vest. I lang tid no har vi hatt regn og haustleg ver, no ser det ut til å bli kaldare. Har vore på tur opp i høgda i dag, der snøa det litt. Og meir kjem det vel ut i veka spår Yr.no.
Dette får meg til å tenke på to i familien som har vore på reise denne veka,... i kvar si retning her på kloda. Eldste son min har vore på tur til Svalbard denne veka, og svogeren min er på tur til Cape Town i Sør-Afrika! Med andre ord har dei nærma seg kvar sitt polområde!
Så til ære for snøen og Sør-polen, skal denne vesle pingvinen få danse litt her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar