Snopeshopping! I går var eg på ein del butikkar, berre for å sjå....., handlelista var kort, men du verden kor mykje som hamna i mine posar og etter kvart i bilen. Mange små skattar, lysande, glitrande, knuselige og stemningsfulle. Skal vise litt av dei etter kvart.


Ei runde innom Jysk der eg skulle ha blå nervøs chenille (5 m for kr 65!), resulterte også i ei lita lekker lyslenke, til kr 29,95. 20 lys med gjennomsiktig ledning, kjekt å ha tenkte eg, finn sikkert ein plass å ha dei på!
I dag fann eg ut at eg måtte prøve dei, sjekka først at dei lyste, og så gjekk eg rundt i huset for å finne ein plass å henge dei opp for ein test. Så eg havna på badet, i lysekruna over badekaret snirkla eg dei på plass og ledninga rakk akkurat bort til kontakta. Ganske effektfulle lys! Vel,..... dette er berre ei prøve, har ikkje tenkt å ligge i badekaret med desse lysa over, for tenk om dei ramlar ned i vatnet..... då blir det ein bloggar mindre!

Skal kanskje ha lysa i gangen i ein annan "lysekrunelysestake" (!!!!!! slik ein utan krimskrams he, he), bilder kjem når det blir ein gong håpar eg.

Hej, vad kul att du tittade in..oj vad många bloggar du har...mvh "M"
SvarSlett